For fyrste gong på fleire år:

Lågare arbeidsløyseprosent enn landet samla sett

Berre den siste månaden har statistikken endra mykje på seg for Møre og Romsdal.
Nyhende

– Den siste månaden er det 187 færre arbeidslause i Møre og Romsdal. Arbeidsløysa er vanlegvis ganske lik i september og oktober. Når vi tek omsyn til dei vanlege svingingane knytt til årstida har vi ein reduksjon på 160 personar. Dette gjer at vi for fyrste gong på fleire år har ein lågare arbeidsløyseprosent enn landet samla sett, seier fylkesdirektør i NAV, Stein Veland, i ei pressemelding.

I oktober 2018 er 3.006 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 13,5 prosent frå same månad i fjor.

– Det siste året har hatt vi ein nedgang i arbeidsløysa i alle arbeidsmarknadsregionane i fylket, unntatt på indre Nordmøre. Auken på 1,7 prosent på indre Nordmøre er ikkje urovekkjande, sidan arbeidsløysa der er heilt nede på 1,3 prosent. Størst er reduksjonen på ytre Nordmøre og i Romsdal, med ein reduksjon på rundt 20 prosent. Ein viktig årsak til dette er at Kristiansund kommune har hatt ei svært god utvikling. Arbeidsløysa der er for fyrste gong på fleire år under tre prosent, seier Veland.

Arbeidsløysa i kommunane på Søre Sunnmøre er i starten av november slik: Vanylven 1,1 prosent, Sande 3,1 prosent, Herøy 3,8 prosent, Ulstein 3,9 prosent, Hareid 4,5 prosent, Volda 1,9 prosent og Ørsta 2,0 prosent.