SSB:

Lønnsgapet held fram med å auke

Lønnsforskjellane i Noreg har auka mykje dei siste tiåra, ifølgje SSB. Skilnadane veks mest i offentleg sektor.

Dei siste 20 åra har avstanden mellom dei høgste og lågaste lønningane blitt enda større.  Foto: Illustrasjon/Norges Bank.

Nyhende

(NPK-NTB): – Gruppene med høgast lønn har hatt ei sterkare lønnsutvikling enn dei med lågare lønn. Størst avvik er det mellom botn og topp, seier seniorrådgjevar Knut Håkon Grini i SSB til Dagsavisen.

Dei siste 20 åra har avstanden mellom dei høgste og lågaste lønningane blitt enda større, viser tal frå byrået.

I 1997 var månadslønna til dei 10 prosent best betalte 2,8 gonger høgare enn gjennomsnittslønna til dei 10 prosent lågast betalte jobbane. 20 år seinare, var tilsvarande forhold 3,8. Det gir ein lønnsforskjell på 65.600 kroner per månad.

Mykje av utviklinga kjem av at dei som tener mest, drar frå resten.

– Dei øvste ti prosentane har dratt frå absolutt alle andre, seier Grini.

Lønnsgapet er størst i privat sektor, men det er i offentleg sektor at skilnaden har auka raskast. Det kjem av både at skilnaden var lågare i offentleg sektor i utgangspunktet, og at staten tilpassar seg det andre marknaden, ifølgje Grini.