Marit Øien Sæverud tar ikkje attval for Kristeleg Folkeparti

– Eg vil gjere jobben min, men så er det slutt

Marit Øien Sæverud var sist fredag på det ekstraordinære landsmøtet i KrF. Ho synest det er synd at fleirtalet ikkje støtta linja til Knut Arild Hareide. Sjølv vil ho ikkje bruke tida si på eit parti som støttar Frp.

Mykje støtte Etter Marit Øien Sæverud markerte seg på fylkesmøtet i KrF og argumenterte for linja til Knut Arild Hareide, var det mange som tok kontakt med henne og takka henne. – Eg har også snakka med folk som fekk auga opp for at KrF kanskje var eit parti for dei då dei høyrde talen til Hareide. Diverre valde fleirtalet på landsmøtet å gå ein annan veg.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Marit Øien Sæverud har vore lokalpolitikar i Hareid i mange år. Som representant for Kristeleg Folkeparti har ho markert seg fleire gonger lokalt. Men brått ein kveld førre veke var ho å sjå på Kveldsnytt. Og ho sende lesarinnlegg til aviser ho aldri før ha drøymt om å sende innlegg til, som Sunnmørsposten, Dagen, Romsdals Budstikke og Tidens Krav.