Kommunane på Ytre Søre ønskjer ekspressrute om Garneskrysset:

– Vi må jobbe saman for å få til eit betre heilskapleg busstilbod

Brukarane på Ytre Søre har per i dag ikkje eit fullverdig ekspressbusstilbod, meiner ordførarane i Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven.

Sjustjerna-møte Brorparten av ordførarane og rådmennene i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre var samla til møte på Ulstein bibliotek fredag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Ei ekspressbussrute om Ytre Søre var eitt av fleire tema som blei diskutert då ordførarane og rådmennene i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre møttest fredag. I utgangspunktet vil ein gjere dette ved å legge om ruta frå Kristiansund til Volda, som i dag går via Vartdalsstranda og Ørsta, til å gå om Ytre Søre. Men, ein er også villig til å sjå på andre løysingar – til dømes oppretting av ei rute mellom Fosnavåg og Moa med same frekvens som FRAM Ekspress.