Her kjem skroget til verdas største plug-in hybridskip

Sjå bileteserie frå ferda forbi Flø.
Nyhende

Skroget til Color Hybrid-skipet er tysdag framme ved sin neste destinasjon, Ulstein Verft.

Slepet gjekk frå verftet i Gdynia i Polen i slutten av oktober, og tysdag ettermiddag var det store skroget godt synleg frå Flø.

Tysdag kveld er det etter planen framme ved kaia på Ulstein Verft, nesten eitt døgn før planlagt.


Skroget til verdas største plug-in hybridskip er snart ferdig - seinare i haust kjem det til Ulstein Verft:

Sjå bygginga - steg for steg

I haust kjem skroget til Color Hybrid til Ulsteinvik for utrusting. I mai overtek Color Line verdas største plug-in hybridskip frå Ulstein Verft.

 

Color Line investerer over éin milliard kroner i skipet, som når det er ferdig vert verdas største plug-in hybridskip.

Skipet skal vere ferdig frå Ulstein Verft i mai neste år.