Norsk sjømat:

Ny eksportrekord

Noreg selde sjømat ut av landet for 9,9 milliardar kroner i oktober, noko som gjorde det til den beste månaden for sjømateksportørane nokosinne.

Eksportrekord Eksportverdien for oktober i år er 600 millionar kroner, eller 6 prosent, over førre verdirekord frå oktober 2016, ifølgje Noregs sjømatråd. Her frå fabrikkanlegget til Pelagia i Liavåg.  Foto: Arkiv.

Oktober månad slår alle rekordar

Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd
Nyhende

(NPK-NTB): – Dette er den beste eksportmånaden for norsk sjømat nokosinne. Eksportverdien for oktober i år er 600 millionar kroner, eller 6 prosent, over førre verdirekord frå oktober 2016, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Det samla eksportvolumet var 12 prosent lågare i oktober enn i same månad i fjor, men verdien av sjømateksporten auka med 10 prosent. Hittil i år har Noreg eksportert 2,2 millionar tonn sjømat til ein verdi av 80,7 milliardar kroner – 6 prosent auke i volum og 4 prosent, tilsvarande 3,2 milliardar kroner, i verdi.

«All time high»

Også norske lakseeksport nådde ny «all time high» i oktober, ifølgje Sjømatrådet. 104.000 tonn laks for 6,5 milliardar kroner blei sendt ut av landet.

– Oktober månad slår alle rekordar, og det har fleire årsaker. Det var ein litt svak septembermånad, men eksporten har tatt seg kraftig opp no i oktober.

Polen og Nederland, som først og fremst er vidareforedlingsmarknadar, hadde i oktober ein volumvekst på høvesvis 43 og 29 prosent, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Noregs sjømatråd.

862.000 tonn laks

Den norske lakseeksporten auka i volum med 8 prosent og i verdi med 15 prosent, tilsvarande 827 millionar kroner, frå oktober i fjor. Aandahl meiner prisauken kjem av at etterspørselen etter norsk laks igjen veks internasjonalt. Polen og Frankrike var dei største marknadane for laks.

Hittil i år har Noreg eksportert 862.000 tonn laks for 55,8 milliardar kroner. Det er ei volumauke på 7 prosent, mens verdien auka med 5 prosent eller 2,5 milliardar kroner, frå same periode i fjor.