Trailer skadde ferjetaket på "Ullensvang"

Nyhende

Bilferja "Ullensvang" i sambandet Hareid-Sulesund tek inntil vidare om bord berre personbilar.

Årsaka er at ein lastebil tysdag ettermiddag tok oppi og skadde taket på hovuddekket.

- Lastebilen reiv ned nokre plater og det er framleis noko som er laust der, så vi har avgjort at vi berre skal bruke underdekket inntil vidare, fortel kapteinen på ferja til Vikebladet Vestposten.

Han ønskjer ikkje namnet sitt i avisa, men fortel at skaden skjedde då lastebilen skulle køyre av ferja på Sulesund.

Ferjemannskapet har bestilt servicefolk for å reparere skadane, og kapteinen håper at "Ullensvang" igjen har full kapasitet i løpet av kvelden.