Vil tenne fleire tusen julelys

Ulstein næringslag håper å kunne bade Ulsteinvik i lys når julehandelen tek til i slutten av november.

Også i år stiller Sami og Abdulsattar opp for hjelpe til med montering av lysdekorasjonane i Ulsteinvik.  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

I dag startar arbeidet med å henge opp julelys i Ulsteinvik sentrum. Målet er å ha dette klart til julehandelen startar for alvor med Black Friday fredag den 23. november.

Ryddar opp

– Vi har sett behovet for å rydde opp i julebelysninga og skape eit meir einsretta preg på dette. Vi er no i ferd med å gå gjennom det vi har av lyslenker og anna for å sjå kva som framleis kan brukast og kva som må skiftast ut. Vi startar med å henge opp det vi har som kan brukast, og så kompletterer vi med nytt der det trengst, seier Line Urke i Ulstein næringslag.

Urke kan fortelje at næringslaget har fått 30.000 kroner med Sparebanken Møre for å oppgradere lysdekorasjonane, noko ho naturlegvis er svært takksam for.

Sami og Abdulsattar stiller opp

Også i år får næringslaget dugnadshjelp av Sami og Abdulsattar til monteringsarbeidet. Dei to karane, som begge kom til Noreg som flyktningar frå Syria, var også til stor hjelp i fjor då julelysa skule hengast opp.

Det er særleg strekninga langs Sjøgata som skal dekorerast. I tillegg vert alle medlemmene i laget oppmoda til å pynte husfasadene sine med lys.

– Tenk kor flott det vert å kome køyrande mot Ulsteinvik og verte møtt av strålande lys no i denne mørke tida, seier Urke som elles oppmodar alle til å nytte seg av dei lokale butikkane når dei er på handel.