La ikkje skjul på at Ulstein kommune vil ha ein avgrensa økonomisk handlefridom:

– Vi må gjere grep

Ulstein kommune ved rådmann Einar Vik Arset og økonomileiar Steinar Nummedal arrangerte tysdag eit ope møte kring forslaget til budsjett og økonomiplan for 2019–2022 på Ulstein bibliotek. Dei var ærlege på at kommunen har nokre tøffe år framfor seg – og at ein må ta grep.

Ope Møte Det var godt frammøte på Ulstein bibliotek i Ulstein Arena tysdag kveld. Rådmann Einar Vik Arset og økonomileiar Steinar Nummedal orienterte først dei frammøtte om økonomiplanen og budsjettet for 2019, før folk i salen kunne stille spørsmål.  Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

Nyhende

Både lokalpolitikarar, folk frå administrasjonen, ulike avdelingar i kommunen og bygdefolk hadde møtt fram for å få med seg presentasjonen.