Budsjett for Ulstein kommune:

Dette blir ikkje prioritert

Rådmannen foreslår å ta ny kyrkje, utbygging av Ulsteinvik barneskule og ny brannstasjon ut av budsjett og økonomiplanen. Her er også fleire andre tiltak som ikkje får plass i budsjettet.

Ny kyrkje Snøhetta har teikna den nye planlagte kyrkja i Ulsteinvik. Soknet har aktivt samla inn pengar til denne i fleire år, men no kan det sjå ut til at kommunen ventar nokre år til med å støtte prosjektet.   Foto: Snøhetta.

Nyhende

Ny kyrkje ligg inne i gjeldande økonomiplan, med eit låneopptak på 8 mill. i 2019. Men på grunn av dei stramme økonomiske rammene foreslår rådmannen å ta kyrkja ut av økonomiplanen.