Ny kontrakt til Rolls-Royce

Forskningsskip til Belgia

Belgia sitt nye forskingsskip får skipsdesign type UT 844 WP, og utstyrspakke frå Rolls-Royce.  

Nyhende

Rolls-Royce har inngått kontrakt med det spanske verftet Freire om å levere design og utstyr til eit nytt forskningssskip til Belgia. Skipet blir utvikla etter IMO`s polarkode. Det skal i hovudsak kartlegge og forske på havområda i Nordsjøen og nærliggjande område, men også i Middelhavet og lenger nord.

– Tre europeiske land har no vald Rolls-Royce som leverandør av design og teknologi til deira nye forskningsfartøy: Belgia, Noreg og Storbritannia. Alle tre fartøya er avanserte og høgteknologiske skip som skal utføre grunnforskning til havs og på havbotnen, seier Asbjørn Skaro, systemdirektør i Rolls-Royce Commercial Marine AS, som er stolt og glad over at dei har fått dette oppdraget.

Designen er av typen UT 844 WP frå Rolls-Royce. I tillegg til design skal Rolls-Royce levere propulsjonssystemet, inkludert thrusterar, elektrosystem og styremaskin. Ein vesentleg av systemleveringa er dessutan automasjon- og kontrollsystem – som kontrollsystemet for propulsjon, skipsbrua Unified Bridge og dynamisk posisjonering.

Skipet blir bygt ved Freires verft i Vigo, Spania. Rolls-Royce har frå før design- og systemlevering til to andre skip som er under bygging der.