Budsjett for Ulstein kommune:

Her er prioriteringane

Rådmannen budsjetterer med at Ulstein kommune får vel 520 millionar inn i frie disponible inntekter i 2019.

Ulstein Arena Ulstein Arena er bygt og tatt i bruk. Prislappen er framleis ukjent, men det er lagt inn to millionar ekstra i husleige for året. Kommunen vil også investere i Makerspace Pilot for Ulstein bibliotek. Prosjektet omfattar etablering av skapardagar, tilpassing av areal, kursing av tilsett m.m.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Rådmann Einar Vik Arset har lagt fram sitt framlegg til budsjett for neste år. Ulstein formannskap skal diskutere budsjettet på møtet førstkomande tysdag. Budsjettframlegget skal så innom alle kommunale utval, før kommunestyret gjer endeleg vedtak torsdag 13. desember.