Vil ha mindre kjøtforbruk

Framtiden i våre hender seier kjøtforbruket i Noreg må halverast og oppfordrar husdyrbønder til å leggje om drifta, skriv Nationen.

Møø Fremtiden i våre hender ønskjer eit mindre kjøtforbruk i Norge.   Foto: Illustrasjon/Arkiv.

Nyhende

(NPK): Kjøtforbruket i Noreg går nedover for første gong sidan 2010, går det fram av tal frå Animalia. I fjor sette vi til livs 53,3 kilo kjøt kvar, og det er 0,6 kilo mindre per person enn året før.

Miljøorganisasjonen Fremtiden i våre hender er glade.

– Det viser at folk tar inn over seg at vi av omsyn til klimaet må redusere kjøtforbruket. Nivået vi har på kjøtforbruket no er ikkje berekraftig. Både næringsliv, styresmakter og kvar og ein må ta ansvar for å få ned klimautsleppa, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, til avisa.