Fagansvarleg Svein Ivar Aarskog i samferdselsavdelinga:

– Ytre har allereie ekspress-tilbod

– Vi har stor forståing for at ordførarane på ytre søre ynskjer eit betre ekspressbusstilbod. Men det er feil å seie at dei ikkje har det.

Ekspressbuss Svein Ivar Aarskog fortel at det allereie er etablert ekspressbuss i ytre.   Foto: Rune Sæbønes.

Nyhende

(Møre-Nytt): Fagansvarleg Svein Ivar Aarskog i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommunen har notert seg at ordførarane på ytre søre Sunnmøre ynskjer å endre dagens ekspressrute, frå å gå via Ørsta og Vartdalsstranda, til å ta ytre vegen via Ulstein og Hareid.

Aarskog peikar på at dagens opplegg er i samsvar med strategivedtak i fylkestinget og etableringa av terminalen i Garnes-krysset.

– Strategivedtaket byggjer mellom anna på granskingar blant pendlarar i Ørsta og Volda. Her kom det klart fram at passasjergrunnlaget ville verte redusert dersom reisetida vert lenger, seier Aarskog.


Kommunane på Ytre Søre ønskjer ekspressrute om Garneskrysset:

– Vi må jobbe saman for å få til eit betre heilskapleg busstilbod

Brukarane på Ytre Søre har per i dag ikkje eit fullverdig ekspressbusstilbod, meiner ordførarane i Herøy, Ulstein, Sande og Vanylven.

 

Han fortel at det vil ta Framekspressen tjue minutt lenger tid nordgåande og ti minutt lenger tid sørgåande med å velje ei ytre rute.

– Det er eit ekspresstilbod Fosnavåg–Ålesund allereie. Det går buss i ruta Fosnavåg – Hareid, snøggbåt til Skateflukaia, og der korresponderer det med Framekspressen som ventar.


Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.