Duka for storsatsing:

Kragset Eigedomsmekling er selt

Kragset Eigedomsmekling er selt til Eiendomsmegler Vest i Bergen.

Selt til Eiendomsmegler Vest Frå venstre ser ein Magne Storheim, regionleiar i Eiendomsmegler Vest – dei tilsette i Kragset Eigedomsmekling; Hege Kiperberg, Andre Kragset, Regine Nesheim, dagleg leiar Anita Arnesen Kragset, fagansvarleg Johnny Kragset - og administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest, Veslemøy Tvedt Fredrikssen.  Foto: Kragset Eigedomsmekling.

Nyhende

(Møre-Nytt):- Ved å verte ein del av Eiendomsmegler Vest skal vi jobbe i eit føretak som tenkjer heile Vestlandet. Ei sterk satsing på Sogn og Fjordane står svært  sentralt, seier dagleg leiar Anita Arnesen Kragset i Kragset Eigedomsmekling.

1. januar byttar selskapet namn til Eiendomsmegler Vest. Dei skal framleis halde til i "Gamlebanken" i Volda.

- Vi er stolte over å få dei dyktige medarbeidarane i Kragset Eigedomsmekling med på laget. Dei vil styrke selskapet vårt i ei tid der vi har klare mål om å verte størst på Vestlandet, fortel regionleiar Magne Storheim i Eiendomsmekler Vest.

- Kragset Eigedomsmeklling har ein uvanleg god kompetanse som gjer at vi kan ta eit kvantesprang inn på eit nytt marknadsområde. Vi er imponerte over Kragset sitt brennande engasjement for lokalsamfunnet. Den haldninga passar veldig godt med Eiendomsmegler Vest, seier Storheim vidare.

Stor aktør lokalt

Kragset Eigedomsmekling feira nylig ti års drift. I dag har dei seks tilsette, og ein marknadsandel i Volda på 70 prosent og i Ørsta på 40 prosent. 

- Etter ti år i Volda sett vi oss nye mål og legg lista høgare. E39 Kvivsvegen med halvert reisetid har gitt oss nye moglegheiter. Vi har lenge sett på ei anledning til å gjere meir i Nordfjord, seier eigedomsmeklar Johnny Kragset.

Eiendomsmegler Vest er eigd av Sparebanken Vest og har 22 salskontor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Avtalen om å kjøpe Kragset Eigedomsmekling blei klar i haust og gjeld altså frå 1. januar 2019.


Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.