Eiksundtunnelen er open igjen:

Påkøyrsel bakfrå - fire til legevakt

Eiksundtunnelen er stengd inntil vidare torsdag ettermiddag, grunna ei trafikkulukke.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde via sin Twitter-konto torsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Eiksundtunnelen. Det skal ha vore snakk om ein påkøyrsel bakfrå, der to køyretøy var involvert.

Det blei meldt om smerter i brystet på éin av dei råka i ulukka. Naudetatane var raskt på staden, og tunnelen blei stengt inntil vidare.

Det danna seg ikkje uventa seg lange køar på begge sider av den undersjøiske tunnelen.

Oppdatering kl. 15.54: Det skal i alt ha vore fire personar involvert i trafikkulukka. Inga personskade er meldt, men alle blir likevel frakta til legevakt for ein sjekk. Politiet opprettar sak kring ulukka.

Oppdatering kl. 16.06: Tunnelen er opna igjen for trafikk, melder politiet. Men folk på staden tilbakeviste det. Klokka 16.26 var den derimot open igjen.