Unngår rettssak om Ulstein Arena

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Ulstein kommune og prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har blitt samde i tvistesaka om honorarkrav og rådgjevarfeil.

Det skriv Ulstein kommune i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Gruppa som hadde ansvar for detaljprosjekteringa og prosjektoppfølginga då Ulstein Arena vart bygd saksøkte kommunen i februar i år.




Ulstein Arena

Avviser kravet

Fremjar motkrav mot prosjekteringsgruppa

 

Sunnmøre tingrett hadde sett av tid til å behandle tvisten i mars neste år.



I går, onsdag 7. november, møttest partane til mekling i retten bak lukka dører.

Meklinga vart avslutta i dag, torsdag 8. november.

Resultatet vart forlik.

Ifølgje papira frå Sunnmøre tingrett inneber forliket at Ulstein kommune betaler saksøkjarane 2,8 millionar kroner som fullt og endeleg oppgjer for det arbeidet som er utført.

Dei som saksøkte kommunen var følgjande firma: Arkitektkontoret Nils Tveit AS, Bjørbekk & Lindheim AS, Dr Techn Olav Olsen AS, Ect AS, Lund+Slaatto Arkitekter AS, Moe Rådgivende Ingeniører AS, Multikonsult AS, Prosjekteringsgruppen Next Level, RaMbøll Norge og Sweco AS.

I tillegg vil Ulstein kommune få to millionar kroner i erstatning frå forsikringsselskapa til saksøkjarane.

                                                                                                                               

Er fornøgde

Ordførar Knut Erik Engh er fornøgd med at tvisten no er avslutta.

Han skriv følgjande i pressemeldinga:

– Ulstein kommune er med dette forlikt med prosjekteringsgruppa. Vi er takksame for det gode samarbeidet med prosjekteringsgruppa som vi har hatt med gjennom heile byggeprosjektet, og meiner at det er tillitvekkande at prosjekteringsgruppa har vist god vilje til å finne løysingar i ein konfliktsituasjon.

Også arkitekt Espen Pedersen, partnar og fagleg leiar i Lund+Slaatto arkitekter og styreleiar i prosjekteringsgruppa Next Level, er fornøgd med rettsforliket.

-Ulstein Arena er eit prosjekt som har fått mykje positiv merksemd og omtale i media. Det har mellom anna ført til at den nasjonale Bylivkonferansen vart lagt til Ulsteinvik tidlegare i år, seier han.