Videooverføring frå gudstenester i Hareid kyrkje:

– Må ordnast før julegudstenesta

Bernt Brandal (Folkelista) meiner tilbodet om videooverføring frå gudstenester i Hareid kyrkje til sjukeheimen er for dårleg.

Bernt Brandal stilte spørsmål ved videooverføringar frå Hareid kyrkje (bildet) til sjukeheimen under kommunestyremøtet i Hareid torsdag kveld.  Foto: Arkiv.

Nyhende

Kommunestyrerepresentant Brandal gjekk på talarstolen med fleire spørsmål torsdag kveld, og eitt av dei var mynta på fjernsynsoverføring frå Hareid kyrkje til sjukeheimen.

– Eg sende spørsmål om dette 21. september, og fekk svar same dag om at administrasjonen har full kontroll på denne saka og at både overføringane frå kyrkja og TV-signala skal ordnast. Dette er framleis ikkje på plass, og må ordnast før julegudstenesta, sa ein tydeleg oppgitt Brandal.

Pergunn Gjerdsbakk, einingsleiar for kommunal eigedom i Hareid kommune, svara Brandal at det allereie eksisterer ei fjernsynsoverføring til sjukeheimen, men at det er ei kjensgjerning at den per i dag er for dårleg.

– Eg blei gjort kjent med at dette handlar mykje om tilgangen til eit teknisk rom på sjukeheimen, og det må vi gjere noko med. Vi har jobba sidan september med å få til ei betre overføring, og det einaste som gir god nok stabilitet er å få fiberkabel inn i kyrkja, seier ho.