Hareid:

Bil av vegen i sentrum

Ein bil køyrde av vegen i Hareid sentrum fredag.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 13.22 fredag ettermiddag om ei trafikkulukke i Hareid sentrum.

Ein bil med éin person i skulle ha køyrt av vegen. Naudetatane var raskt på staden.

Det blei elles meldt at bilen ikkje stod i vegbanen, og at den ikkje skulle vere til hinder for øvrig trafikk.

Oppdatering kl 13.45: Ein bilførar blir sendt til legevakta for ein sjekk.