Færre bønder i Noreg enn nokon gong

For første gong er det under 40.000 aktive bønder i Noreg, viser søknadstala om produksjonstilskot til Landbruksdirektoratet.

Talet på aktive bønder i Noreg er no det lågaste Landbruksdirektoratet har registrert.   Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Samla er det 39.737 føretak som har søkt om produksjonstilskot under to søknadsomgangar i 2018, skriv Nationen.

Det er 460 færre søknader enn året før. Samtidig har føretak med jordbruksareal gått ned med 787 samanlikna med året før, som ifølgje Landbruksdirektoratet gjev eit betre bilete av den reelle nedgangen.

Samtidig kan det reelt sett vera snakk om endå færre aktive bønder. Landbruksdirektoratet la om tilskotssystemet i fjor, som gjer det sannsynleg at det ligg inne to søknader frå same gardsbruk.

– Talet på søknader er nok litt høgare enn talet på aktive bruk, seier seniorrådgjevar Jon Løyland i Landbruksdirektoratet til avisa.

Han stadfestar samtidig at det er første gongen dei har fått under 40.000 søknader om produksjonstilskot i jordbruket.