Ulstein:

Trafikkulukke ved Dragsundbrua

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 17.10 fredag ettermiddag om ei trafikkulukke like ved Dragsundbrua, på Ulstein-sida.

Det skal ha vore snakk om to bilar som kolliderte. Det blei ikkje meldt om personskadar, men ulukka har ført til trafikale problem.