Ulstein er årets ungdomskommune

  Foto: ANnika Brandal

Nyhende

Ulstein er kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.

Det skriv ungdomsrådet på Facebooksida si fredag kveld.

Det var ungdomsrådet i kommunen som saman med Ulstein nominerte kommunen til prisen.


 

Prisen vart delt ut under Ungdommens fylkesting i Molde fredag, der rundt åtti ungdomar var samla.

Det var fire kommunar som kjempa om tittelen: Surnadal, Skodje, Nesset og Ulstein.

Her kan du lese pressemeldinga frå fylkeskommunen.