Rådmann Ragnhild Velsvik Berge:

– Vi må tenkje nytt

Rådmannen legg ikkje skjul på at det er fleire tiltak som må setjast i verk for å unngå ein skikkeleg baksmell, som følgje av dei store investeringane kommunen gjer framover. Mellom anna blir altså ein gradvis auke i eigedomsskatten føreslått.

Samla på Melshorn Hotell Torsdag kveld var Hareid kommunestyre samla til møte på Melshorn Hotell.   Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Nyhende

– Det er store omleggingar vi må gjere for å komme i mål med dette, sa Ragnhild Velsvik Berge då ho og økonomileiar Egil Mortensen i fellesskap la fram budsjett – og økonomiplan for Hareid kommune for perioden 2019 til 2022 torsdag.