Bubil-rekord igjen

Dette året blir det tredje på rad med rekordvekst for bubilar i Noreg, går det fram av ny statistikk.

Så langt i år ligg totalsalet av bubilar på 3.933 eksemplar.   Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

– Bransjetala viser at etterspurnaden har vore sterk også gjennom seinhausten. Berre i oktober blei det registrert 274 nye bubilar og 126 campingvogner her i landet, seier Bengt Heggertveit, konsernsjef i forhandlarkjeda Ferda i ei pressemelding.

Så langt i år ligg totalsalet av bubilar på 3.933 einingar, medan det i heile 2017 blei registrert 3.630. talet på nye campingvogner i årets ti første månader er 2685, som er omtrent på linje med fjoråret.

– Bubilrekorden er allereie eit faktum, to månader før 2018 er over. Det fortel mykje om styrken i campingtrenden at salet når ein ny topp for tredje år på rad, seier Heggertveit.