Søkjer etter ny sokneprest:

Soknepresten i Hareid pensjonerer seg

Leidulv Ø. Grimstad pensjonerer seg etter tre år som sokneprest.

Sokneprest Leidulv Ø. Grimstad går av med pensjon frå sommaren 2019.  Foto: Arkiv/Emily Louisa Millan Eide.

Nyhende

Det skriv Hareid sokn på si heimeside. Leidulv Ø. Grimstad går altså av med pensjon, frå sommaren 2019. Han passerer aldersgrensa og blir 68 år i mars neste år.

Stillingsannonsen ligg allereie ute, og søknadsfristen er sett til 1. januar 2019.