– Har fått ei anna ro

Erika Vanessa Brandal angrar ikkje på at ho reiste til Costa Rica for å treffe si biologiske familie. For 34 år sidan vart ho adoptert til Noreg, og i mange å har ho leite etter opphavet sitt.

heime igjen: – Det er veldig godt å vere heime i Ulsteinvik igjen. Det er her eg høyrer til, seier Erika Vanessa Brandal. Ho er likevel glad for at ho reiste til fødelandet Costa Rica for å treffe si biologiske familie. Foto: Linda Eikrem  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Om det var verdt å ta turen til Costa Rica? Ja, det var godt å få nokre svar. Eg har i alle fall fått nokre namn og ansikt å feste historia mi på. Eg føler at eg har fått ei anna ro i kroppen, så for meg var det veldig rett å ta denne turen, seier Erika Vanessa Brandal.

På ein parkeringsplass utanfor Golfito i Costa Rica: Eit møte mellom ei mor og ei dotter.