Nadja slår eit slag for yrkesfag, og håper fleire nyttar moglegheita til å ta fagbrev:

– Dette var det rette valet for meg

Nadja Pedersen kunne vore revisor i dag, hadde ho ikkje slutta på BI-studiane ho byrja på. Men, ho ville heller følgje magekjensla. Nyleg tok ho sitt andre fagbrev, og trivast godt i jobben sin på Bygger’n Hareid.

LIkar seg godt: Nadja Pedersen fullførte nyleg sitt andre fagbrev, og har no fagbrev i både kontorfaget og salsfaget. – Det kjennest godt å ha utvida kompetansen min ytterlegare. Verdien av eit fagbrev er nok undervurdert, seier Pedersen til Vikebladet Vestposten. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Måndag morgon overraska dagleg leiar ved Bygger’n Hareid, Pål Sindre Myklebust, Nadja Pedersen med ein flott blome. Pedersen har nemleg tatt sitt andre fagbrev nyleg, innanfor salsfaget.