Hugsar du Ole Kristian?

Fekk seg jobb på dagen

NAV si jobbmesse i Ulstein Arena tidlegare i haust trekte mange av dei som stod utanfor arbeidslivet i regionen. Blant desse var 21-åringen Ole Kristian Skoge. No har han fått seg jobb – og byrja faktisk i opplæring same dag som han var på intervju.

Fekk seg jobb Ole Kristian Skoge var ein av mange som tok turen til NAV Møre og Romsdal si jobbmesse i Ulstein Arena i september i år. No har 21-åringen fått seg jobb. Han byrja i opplæring allereie same dagen han var på intervju.   Foto: Arkiv.

Nyhende

Vikebladet Vestposten kunne i slutten av september i år fortelje om den uheldige 21-åringen frå Ulsteinvik, som grunna ein fotballrelatert skade i kragebeinet har blitt nøydd til å setje mykje på vent.


Godt besøkt jobbmesse i Ulstein Arena:

- Eg håper eg kan kome i gang med noko

Ole Kristian Skoge (21) og fleire hundre andre arbeidssøkjarar frå regionen var innom jobbmessa til NAV Møre og Romsdal torsdag.

 

Planen til Ole Kristian var å reise i militæret. Men den planen gjekk altså i vasken då kragebeinet blei skadd.