Ønskjer klar visjon for Hareid

Arild Grimstad meiner Hareid må ha noko å samle seg bak og fekk støtte frå rådmannen.

Vil ha klar visjon: Hafest-leiaren Arild Grimstad meiner Hareid kommune må ha ein visjon som alle i kommunen kan samle seg bak, og som gjer at alle dreg i same retninga. 

Nyhende

– Eg kan visjonen for fleire nabokommunar, men ikkje for Hareid. Vi må ha noko å samle oss om, som står prenta i panna på alle som gjer at vi kan gå same vegen, sa Arild Grimstad, leiar i Hafest.

Det fekk han full støtte til frå rådmannen, som også meinte at dette var noko Hareid må få på plass.