Under møtet vart det også stilt spørsmål om helsehuset. Ordførar Anders Riise kunne fortelje at ein truleg vil sette i gang arbeidet med infrastruktur, vatn og avløp innan kort tid og at ein håpar på byggestart i februar 2019. Då skal det ta om lag eit år før bygget står klart.
– Det er gledeleg å høyre om helsehuset. Dette har vi venta lenge på og vi har høyrt positive ord i månadsvis. No håpar eg det går framover og at vi kan gle oss over at det snart blir oppstart, sa Einar Holm.