Julestjerna er klar

Nyhende

Julestjerna i Melshornlia på Hareid skal tennast for første gong fredag kveld.

- Det skjer i samband med tenninga av julegrana i sentrum. Då har vi ein mann ved stjerna som på signal frå sentrum skal setje lys i stjerna, seier Svein Smørdal i Hafest.

Saman med dei andre karane i Hafest har Smørdal jobba med prosjektet i haust.


 

Stjerna er laga i rustfritt stål og arbeidet er gjort av elevane og ein av lærarane ved Industriteknologi-lina på Herøy vidaregåande skule.

- Stjerna måler 7,3 meter- akkurat litt større enn stjernene i Ulsteinvik og Herøy, fortel Smørdal.

Han seier stjerna vil lyse godt utover Hareid sentrum og langt framover dalen.

Hafestgjengen har fått hjelp frå fleire frivillige, medan Sparebanken Møre har dekt materialkostnadene.