Nye reglar for EU-kontroll neste år

Bileigarar har hittil fått eit bestemt tidspunkt for når bilen deira skal inn til EU-kontroll. Neste år blir det meir opp til bileigarane sjølve når dei vil gjennomføra kontrollen.

Neste år blir det nye reglar både for bileigarar og bilkontrollørar når det gjeld EU-kontroll.   Foto: Statens vegvesen/Illustrasjon.

Nyhende

(NPK): – Tidlegare var det slik at siste siffer i registreringsnummeret var styrande for når bilen skulle inn til kontroll. Etter 8. februar 2019 er det dato for førstegongsregistrering som dannar utgangspunktet for fristen. Køyretøyeigarar får også større fleksibilitet ved at dei kan gjennomføra kontrollen når det passar for dei, forklarer avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Også for dei som gjennomfører kontrollane blir det nye reglar og krav om ei eiga opplæring og personleg godkjenning.

– Målet er betre, likare og meir trafikksikre kontrollar, seier Harsem.

Det blir derimot ikkje noko forandring på kor ofte bilane skal inn til kontroll. Personbilar skal stort sett inn første gongen etter fire år og deretter annakvart år, mens køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år.