Budsjett og økonomiplan:

Stor interesse for folkemøte på Hareid

Det var svært godt oppmøte då Hareid kommune inviterte til folkemøte som eit ledd i arbeidet med budsjett- og økonomiplan.

Godt oppmøte: Det var mange som fann vegen til Melshorn Hotell for å vere med på folkemøtet om budsjett og økonomiplan i Hareid kommune onsdag. Kommunen fekk også ein del innspel, men ordføraren fortalde at det er mogleg å ta kontakt med innspel også i etterkant av møtet.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

– Det er veldig gledeleg å sjå at så mange er her og spesielt velkomen til det nystifta ungdomsrådet som er på plass, sa ordførar Anders Riise då han innleia folkemøtet på Melshorn Hotell onsdag kveld.