RS Idar Ulstein køyrde på land:

Store skadar på Redningsskøyta

Redningsskøyta, som blei døypt i Ulsteinvik, skal ha knust eit naust då ho køyrde på land på Grytastranda.

Redningsskøyta har som ein ser gått godt opp på land, og knust eit naust på sin veg.  Foto: Kristoffer Antonsen/Nordre.

Nyhende

Politiet melde via sin Twitter-konto klokka 12.54 at redningsskøyta Idar Ulstein hadde gått på land på Grytastranda i Haram. Det blei også meld om at det var tre personar om bord.

Båten skal ha fått store skader, medan to av dei tre personane om bord skal ha blitt lettare skadde. Lokalavisa Nordrenett.no melder at eit område kring båten er sperra av, og at det luktar diesel. Til Sunnmørsposten opplyste Redningsselskapet klokka 14.22 at båten var på veg tilbake frå eit dykkeoppdrag då ulukka skjedde. Politiet melder også at årsaka til ulukka blir etterforska etter at havaristen er sikra.

Redningsskøyta blei i 2015 døypt ved kaia til Quality Hotel Ulstein, og er kalla opp etter nettopp Idar Ulstein. Dottera og noverande konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, var gudmor. Ulstein Group støtta Redningsselskapet med ein betydeleg del av byggekostnaden på 38 millionar kroner.


Her døyper gudmor Gunvor RS "Idar Ulstein"

Endeleg var den store dagen komen, og endeleg får den nye redningsskøyta bere namnet RS "Idar Ulstein". Det høyrer til historia at gudmor Gunvor Ulstein måtte prøve to gonger, men champagnen knuste til slutt. Sjå video.



Døypte RS "Idar Ulstein":

- Eg blei veldig rørt

Det blei veldig spesielt og sterkt for gudmor Gunvor Ulstein, då ho døypte redningsskøyta RS "Idar Ulstein", som er kalla opp etter far hennar.