Trippelfeiring på Ulstein Arena

Laurdag vert tre ting feira på Ulstein Arena og alle som vil kan vere med på festen.

TRIPPELFEIRING: Førstkomande laurdag inviterer kultursjef Leif Ringstad og resten av Ulstein kommune alle til feiring av eittårsdagen til Ulstein Arena og markering av prisen Årets ungdomskommune og Statens pris for byggeskikk. 

Nyhende

No ved inngangen til desember er det eitt år sidan Ulstein Arena opna, Ulstein Arena vart tildelt Statens pris for byggkvalitet tidlegare i haust og nyleg vart også Ulstein kåra til Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Dette skal no feirast.

– Ulstein Arena har blitt det vi håpte på og endå litt meir, seier kultursjef i Ulstein, Leif Ringstad.

Dagen vert markert med bading i Ulsteinbadet og klatring i Klivrehallen, heilt gratis. Det vert også servert bursdagskake og i løpet av dagen kjem også ordføraren for å kaste glans over arrangementet. Det vert også høve til å sjå nærare på det digitale Maker Space som har blitt etablert på biblioteket. Ungdomsrådet sin film som fylgde med søknaden som Årets ungdomskommune vil også verte vist.

Høgtlesing som adventskalender

Laurdagen går også startskotet for Ulstein bibliotek si adventsmarkering. Kvar dag før jul vert det høgtlesing frå boka «Snøsøsteren» av Maja Lunde, eitt kapittel kvar dag.

– Når vi ser den aktiviteten som er i bygget på ein heilt vanleg kvardag, ja, så er det rett og slett fantastisk. For ikkje å snakke om i helgene. Ulstein Arena har blitt ein møteplass for folk i alle aldrar. Ulsteinbadet rundar snart 60.000 betalande gjester, noko som er langt, langt over det vi kalkulerte med då vi starta planleggingsarbeidet for ti år sidan, seier Ringstad.

Dei to siste vekene har han hatt tilhald i det nye kontoret sitt under trappa ved inngangspartiet til Ulstein Arena.

– Det kjennes heilt rett at kulturkontoret no har kome inn på Ulstein Arena, slik planen var i utgangspunktet. No er vi tettare på der det skjer, seier kultursjefen.

Peparkakeby

Og noko anna som skjer i desember er peparkakebyen og pepparkakebakekonkurransen som alle vert inviterte til å vere med på også i år. 6. desember kan den som vil levere sine peparkakehus på Ulstein Arena. Her vil dei stå utstilt til 20. desember.

– Kreativitet og kvalitet er nok av det som vert vektlagt hos juryen som vil premiere dei beste byggverka, fortel Ringstad.

Både peparkakebakekonkurransen og trippelfeiringa har eigne arrangement på Facebook, for den som ønskjer endå meir informasjon.