Skjenkeløyve:

– Nok og for mykje

Både Verona og Brygga Sportsbar fekk godkjent skjenkeløyve, men fleire varslar gjennomgang av talet på løyve i Ulsteinvik.

Må vurdere talet på skjenkeløyve: Eldar Knotten (V) er ein av fleire som meiner Ulstein kommune må ta ei vurdering på talet på skjenkeløyve. Med godkjenninga av løyve for Brygga Sportsbar er ein no oppe i 11 skjenkeløyve i Ulsteinvik sentrum.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

For Verona Ulsteinvik AS sin del vart det søkt om nytt skjenkeløyve etter at dei har overteke drifta frå Ulstein Pizza og Grill. Søknaden vart samrøystes vedteke, men både denne saka og saka om skjenkeløyve til nyetableringa Brygga Sportsbar førte til diskusjon om kor mange skjenkeløyve ein ønskjer i Ulsteinvik sentrum.

Morten Feiring (SV) stilte mellom anna spørsmål om kor mange skjenkestadar ein no har i Ulsteinvik og fekk svar frå Eldar Knotten (Venstre), som kunne fortelje at det med skjenkeløyve til Brygga Sportsbar vil vere 11 stadar med skjenkeløyve på strekninga frå Amfi til Maluns.