Fleire byter straumleverandør

Hushalda i Noreg gjorde 7 prosent fleire leverandørskifte i tredje kvartal i år enn på same tid i fjor. Det viser tal frå leverandørskifteundersøkinga til NVE.

Hushalda i Noreg gjorde 7 prosent fleire leverandørskifte i tredje kvartal i år enn på same tid i fjor. Det viser tal frå leverandørskifteundersøkinga til NVE. 

Nyhende

– Me har gått inn i vintermånadane, då mange brukar mykje straum til oppvarming. Har du høgt straumforbruk, er det ekstra viktig at du jamleg sjekkar om du har straumavtalen som er best for deg. På strompris.no kan du enkelt samanlikne leverandørar og avtalar, seier seksjonssjef Guro Grøtterud i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

​Det vart skifta leverandør 137.400 gonger i tredje kvartal i år. Det er ein auke på 7 prosent frå same kvartal i fjor. Næringskundane auka byteaktiviteten med 16 prosent frå same tid i 2017.

Straumprisane for forbrukarar som har spotprisavtalar, var litt over 70 prosent høgare i tredje kvartal i 2018 enn i same kvartal i 2017, opplyser NVE.