Framleis i arbeidsløysetoppen

Det er framleis Søre Sunnmøre som har flest arbeidsledige i fylket
Nyhende

– Den siste månaden har arbeidsløysa vore stabil på 2,2 prosent. Utviklinga det siste året har vore god i Møre og Romsdal med ein nedgang på over 10 prosent. Til samanlikning er nedgangen i landet det siste året på 2,8 prosent, seier fylkesdirektør Stein Veland i ei pressemelding frå NAV Møre og Romsdal.

NAV har innført nye registreringrutiner, noko som har gjort det raskare for dei arbeidssøkjande å kome inn i statistikken. Dette har ført til at dei som normalt skulle ha blitt med i desemberstatistikken er komne med i novembertala i staden. Totalt dreier dette seg om rundt hundre personar på fylkesbasis.

Medan arbeidsløysa dei siste 12 månadane har gått ned eller vore stabil i dei andre regionane i fylket, har arbeidsløysa på Søre Sunnmøre gått ørlite opp. Med unntak av Vanylven, Volda og Ørsta er arbeidsløyseprosenten i dei sju kommunane på Søre mellom den høgaste i Møre og Romsdal ved utgangen av november.

På ytre søre er det Hareid som har flest prosentvis ledige, 4 prosent av arbeidsstokken er heilt utan arbeid, noko som utgjer 104 personar. Det er likevel ein tilbakegang på 11 ledige den siste månaden og 18 i høve til i fjor. 48 kvinner og 56 menn er heilt ledige i Hareid.

I Herøy har talet på ledige gått opp til 176 personar, ein auke på 40 i høve til i fjor og 2 personar den siste månaden. 3,9 prosent av arbeidsstokken er heilt utan arbeid, 100 menn og 76 kvinner.

I Ulstein har det vore ein nedgang i talet på arbeidsledige på 12 personar den siste månaden. 165 personar er utan arbeid, 110 menn og 55 kvinner. Dette er 11 færre enn på samme tid i fjor.

Sande har ein arbeidsløyseprosent på 3,3 prosent. Dette utgjer 28 menn og 16 kvinner, totalt 44 personar. Dette er tre fleire enn sist månad og 8 fleire i høve til samme periode i fjor.

Vanylven har tre fleire arbeidsledige ved utgangen av november i år enn dei hadde i fjor og ein meir enn ved utgangen av oktober. I alt er det 19 arbeidsledige i Vanylven, 11 menn og 8 kvinner, noko som utgjer 1,2 av arbeidsstokken.

Arbeidsløyseprosenten i Ørsta og Volda er høvesvis 2,0 og 2,3 prosent.

På landsplan er arbeidsløysa 2,3 prosent.