I sal frå laurdag:

Hødd-årboka for 2018 er klar

Den niande årgangen av årboka til Hødd er også av det innhaldsrike slaget. Tema ein kan lese om er alt ifrå striden i fotballgruppa til Edel Charlotte Eiken Fosse si deltaking i turn-VM.

Arne med årboka Forfattar og Hødd-eldsjel Arne Flatin syner her fram framsida på Hødd-årboka for 2018. – Framsidebildet symboliserer godt lagspel. Slik er det i dei mange ulike laga i IL Hødd, vi speler kvarandre gode, seier Flatin.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Frå og med laurdag formiddag og framover mot jul vil forfattar og Hødd-eldsjel Arne Flatin bli å sjå på kjøpesentera i Ulsteinvik, der han vil selje årets utgåve av Hødd-årboka – den niande årgangen.

Neste år blir det jubileumsbok, då Hødd rundar 100 år. Hødd blei etablert som ein rein fotballklubb 1. august 1919.

– Dette med årbok starta som ei oppfølging etter 90-årsjubileet i 2009. Eg har alltid vore lidenskapleg oppteken av engelsk fotball, og rundt omkring i England er det veldig populært med slike årbøker. Den langsiktige tanken var at Hødd også skulle ha årbok, kvart år fram mot 100-årsjubileet. «Da Capo» skulle bli ei jubileumsbok i 2019, med den tiande årgangen som ein del i denne. Men eg kjem tilbake til korleis jubileumsboka blir ved eit seinare høve, fortel Flatin til Vikebladet Vestposten.

Bilde av alle gruppene i klubben

Det er inga tvil om at Hødd-årboka er populær, for opplaget som blir trykt opp blir som regel utseld.

– Opplaget har vore på rundt 300 bøker i vanlege år, med unntak av jubelåret 2012 – sjølvsagt, fortel Flatin.

Han seier at hovudføremålet i kvar av desse årbøkene har vore å ha med bilde av kvar av dei ulike gruppene i fotball, handball og turn. Det er også mykje statistikk med.

Det har ikkje kravd reint lite tid av Flatin, men dette er eit arbeid han gjer med stor glede.

– Heilt klart. Det er kjekt for klubben å ha god dokumentasjon på aktivitetane våre. Det ligg også litt personleg prestisje for meg at eg har med alle gruppene i klubben. Ja, det tek tid – men det er kjekt og givande å ha gjort det, seier han.

Arne Flatin tek faktisk ut feriedagar og avspasering på til saman vel ei veke kvar desember-månad for å selje boka.

– Eg fann ut med åra at det var mest tenleg å gjere det sjølv. Det har fungert godt, seier Flatin.

No er det inga hemmelegheit at målet til herrane sitt A-lag i fotball var å rykke opp i år, og Flatin hadde omslagsbildet klart.

– Når det ikkje blei slik som ein kanskje hadde håpa på så valte eg i staden eitt frå dei yngre gruppene. Eg føler det speglar Hødd ganske godt – for det heile handlar om godt lagspel, seier Flatin til slutt.