Jubileumsgåve til gapahuk ved Rotarystien

Fredag vart julegrana og den nye julestjerna i Hareid tent.
Nyhende

Vêret var ikkje det beste, utan snø, men med både vind og litt regn, men dei frammøtte gjorde det dei kunne for å finne julestemninga i Hareid.

Hareid skulekorps spelte opp, medan den nye informasjonsmedarbeidaren i Hareid kommune, Erlend Friestad, heldt apell.

Etter at julegrana var tent og den nye julestjerna Hafest har fått på plass i Melshornlia tok til å lyse var det Sparebanken Møre som kom med ei tidleg julegåve.

Banken er 175 år i 2018 og deler difor ut 175.000 kroner til eit godt formål i dei 24 kommunane der banken har kontor.

Det har kome inn totalt 1300 forslag til kandidatar, medan det på Hareid var 30 forslag. Juryen har vore Anders Riise, Arild Grimstad, Anita Waage, Asbjørn Vatne, Johan Johansen Liaset og Sofie Gjerde Tonev.

- Blant alle dei gode forslaga som kom inn, har vi funne ein verdig vinnar, seier Melinda Skeide i Sparebanken Møre.

- Det er eit godt prosjekt som vil bidra positivt til lokalmiljøet. Det  vil skape entusiasme i bygda vår. Det er eit positivt bidrag til folkehelsa. Det vil bli ein møteplass som kan nyttast av mange. No er det nok mange som har ein mistanke om kva det kan vere, sa Skeide før ho avslørte at gåva går til Hareid Rotary og skal brukast til å bygge ein stor og flott gapahuk ved Rotarystien.

– Sparebanken Møre er skapt av og for regionen vår. Modellen vår er bygd opp slik at det er lokalsamfunnet der banken held til som eig halvparten av Sparebanken Møre. Når vi no fyller 175 år, er det derfor naturleg for oss å feire dette saman med omgjevnadane våre, seier Melinda Skeide.