Makerspace i Ulstein Arena:

Opna skaparverkstad på biblioteket

Med hjelp av ein heilt ny laserkuttar fekk ein kutta snora under opninga av Makerspace på biblioteket i Ulstein Arena.

Interesse: Ungdomar, politikarar, foreldre og representantar frå Sparebanken Møre samla rundt det nye makerspacet i Ulstein bibliotek. Her kan brukarane lære seg alt frå å skape robotar, programmere, bruke laserkuttarar og 3D-skrivarar. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Torsdag var både ungdomar, representantar frå Ulstein kommunestyre og ikkje minst sponsor Sparebanken Møre på plass i Ulstein bibliotek, der den nye skaparverkstaden, eller makerspacet, vart opna.

Leif Rune Solås er leiar i Kodeklubben Ulsteinvik, som blir drive av han, Sveinar Kleive, Audun Hopland og Remy Vattøy.