Søknad om spelemidlar

Tynn søknadsbunke

Hareid formannskap godkjende prioriteringane av søknader om spelemidlar for 2019, men skulle gjerne sett ei lenger liste.

Spelemidlar: Ranja Dimmen Alme og Annika Brandal skulle gjerne sett fleire prosjekt på lista over søknader om spelemidlar  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fotballhall står som førsteprioritet og einaste prosjekt på lista over ordinære anlegg. På lista for nærmiljøanlegg står Parken Hareid sentrum og Hareid ungdomsskule – aktivitetsområde, i den rekkefølgja. Dette vart også samrøystes vedteke som tilråding til Hareid kommunestyre.

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) stilte spørsmål om korleis ein arbeider fram slike prosjekt for å få pengar. Det som låg der var litt tynt. Ho syntest kommunen bør gjere eit arbeid for å få fleire til å søkje om slike pengar. Administrasjonen bør ha ein dialog med organisasjonslivet om dette.