Treng fleire fosterheimar:

– Bør ha tid og overskot

I Hareid er det no femten fosterheimar, i Ulstein tretten. I neste veke har Bufetat ein kampanje for å rekruttere endå fleire fosterforeldre i dei to kommunane.

Bufetat: Tove Nygård er rekrutteringsansvarleg i fosterheimstenesta i Bufetat, region Midt-Noreg, avdeling Ålesund. Ho håper mange kjem på informasjonsmøte om fosterheimar, som skal vere på Ulstein bibliotek onsdag kveld. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyhende

– Vi er i utgangspunktet på leit etter folk som har tid og overskot til å ta seg av eit barn. Det kan vere par eller einslege med eller utan eigne born, seier Tove Nygård. Ho er rekrutteringsansvarleg i fosterheimstenesta i Bufetat Midt-Noreg, avdeling Ålesund.

– Å vere fosterforeldre inneber ei stor oppgåve, så det skal vere gjennomtenkt, seier ho.

Auke i talet på born

I 2000 budde 6.000 born i fosterheim i Noreg. I dag bur meir enn 11.500 born i fosterheim, viser tal frå Bufetat. Nesten ein fjerdedel av borna bur i dag i fosterheimar i slekt og nettverk. – Det er slik at vi prøver å plassere born frå Sunnmøre i fosterheimar på Sunnmøre. Det er også slik at det er barnevernet i heimkommunen til barnet som har ansvar for å følgje opp, seier Tove Nygård.

Det er også barnevernet i kommunane som plasserer born i fosterheim for ein kortare eller lenger periode. Ifølgje Bufetat trengst det kvart år 200 nye fosterheimar i Midt-Noreg.

– Det viser seg at dei som tek kontakt med oss, har tenkt lenge på å melde seg som fosterforeldre. Så for dei fleste er dette ein omstendeleg prosess, fortel Nygård.

Dei som melder seg, må gjennomføre både kurs og ta imot heimebesøk av Bufetat, før dei vert tilrådde som fosterforeldre. – Kommunane tek så kontakt med oss når dei har behov for ein fosterheim, seier Nygård.

Ein omstendeleg prosess

Kampanjen i Hareid og Ulstein er først og fremst digital og vil gå føre seg i sosiale medium. Onsdag kveld blir det så eit informasjonsmøte på Ulstein bibliotek. – Det er for alle som vil vite meir om kva det vil seie å vere fosterheim. Å møte opp der betyr ikkje at du har sagt ja til å bli fosterforelder, seier Nygård. Ho fortel at behovet for fosterheimar er størst for born frå 7-årsalder og oppover, og at det også er behov for heimar som kan ta imot søsken.

I tillegg til Eldrid Emdal og Jan-Ove Fure, skal også forfattar Marit Kaldhol vere med på informasjonsmøtet i Ulsteinvik.