– Dei kryp raskt inn i hjartet

Familien Emdal i Hareid har både omsorg og kjærleik til overs. I to generasjonar har dei difor engasjert seg som fosterforeldre.

nære: To generasjonar Emdal som har engasjert seg som fosterforeldre. Frå venstre Hilde Emdal, Arne Emdal, Anne-Elisabeth Emdal og Eldrid Emdal. – For å vere fosterforelder må du ha empati, tolmod, omsorg og kjærleik, seier dei. Foto: Linda EIkrem  Foto: Linda Eikrem

Det handlar om at det ikkje er alle born som har lege i magen til mammaen sin

Nyhende

– Det er ein raud tråd i familien, som starta med at eg vart adoptert til Hareid då eg var 3 år gamal, fortel Hilde Emdal. 73-åringen møter Vikebladet Vestposten saman med mannen Arne og døtrene Anne-Elisabeth og Eldrid.

– Før Arne og eg gifta oss, sa eg til han at viss vi ikkje fekk eigne born, måtte vi adoptere eller få fosterborn. Han sa heldigvis ja, elles hadde eg nok droppa heile giftarmålet, ler ho.