Laurdagsprat med Nana Rise-Lynum

Ferdig med jula i juli

I snart tjue år har Nana frå Hjørungavåg vore redaktør for Norsk Barneblad, eit av dei eldste barneblada i verda. Bladet kjem framleis ut og blir lese av mange born. Og i desse dagar finn du julehefta Smørbukk, Tuss og Troll og Juletre til sals i butikkane.
Nyhende

For nokre veker sidan sat Karsten Warholm og Edvart Moser på Lindmo og skrytte uhemma av tida si på Ulstein vidare gåande skule og dei flotte lærarane som var der. Uoppfordra byrjar Nana i intervjuet å snakke varmt om åra ho fekk på Ulstein vgs. Ho byrja på skulen medan han heldt til i Ulsteinvik sentrum, og etter nokre veker bar elevane stolane og borda sine opp bakkane til der skulen held til i dag. – Det var nokre fantastiske år! Eg hadde ein strålande lærar i Dagfinn Olav Bye. Han fekk meg til å ha tru på meg sjølv, til at eg kunne skrive og stå på ei scene (han var dramalærar også). Det var berre å øve, det var ikkje så farleg, seier Nana. Dagfinn Olav var ein god forteljar og veldig kunnskapsrik.