Stor glede blant dei tilsette etter flytting

No er Furene i Myrvåg

Denne veka var det klart for offisiell opning av dei nye lokala til Furene i Myrvåg. Dei tilsette er så glade for dei nye lokala at dei nesten ikkje hadde tid til å delta på opninga.
Nyhende

Både styre, eigarar og tilsette gliste breitt då Furene offisielt opna sine nye lokale i Myrvåg denne veka. Kanskje ikkje så rart, då det har teke si tid å kome seg i nytt hus.

– Det har vore ei seigpining som har teke fem år, der også andre bygg har vore vurderte. Vi tenkte i utgangspunktet Fristad-bygget, men det ville blitt for krevjande. No har vi fått dette bygget til ein fornuftig pris, og har også vore heldige med at Dragsund ASVO kom inn med bra eigenkapital. Vi har også hatt mange gode entreprenørar i sving.