Skadeverk på fleire bilar

Nyhende

Politiet melder laurdag om skadeverk på fleire bilar i Osbergvegen i Ulsteinvik.

Ifølgje politiet er dei ute på staden for å undersøke kva som har skjedd.

Skadeverket har mellom anna gått hardt utover ei rekkje bilspeglar, i tillegg til at eit postkassestativ har fått hardt medfart.

Politiet melder i ei oppdatering at det er sju bilar det er utført skadeverk på. Dei ønskjer informasjon frå personar som kan ha sett noko og ber om tips til tlf: 02800