Linn Wingsternes har seld sin del av verksemda:

Veslebror Tarjei tek over

Tarjei Wingsternes (23) har jobba deltid for storesøstera Linn i fleire år allereie, men no tek han over som dagleg leiar og største eigar i Kaffebaren.

Ny leiar bak disken: Tarjei Wingsternes er fullt klar over at det er ei større oppgåve han har fått ved å bli hovudeigar og ny dagleg leiar for Kaffebaren, enn den han hadde som medarbeidar på deltid. Han tek over eigardelen til søstera Linn. Ho har drive Kaffebaren i over 10 år, men no er det slutt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

– Eg er ganske så audmjuk når eg tek på meg ei slik oppgåve og eit slikt eigarskap, for eg veit godt kor mykje Linn har jobba for å halde dette gode tilbodet i Ulsteinvik ved like. Spesielt den siste månaden har eg lært svært mykje, og det har vore ei bratt læringskurve. Men, det er uvurderleg for meg å ha Linn som mentor. Ho fortener mykje ære for det ho har gjort med Kaffebaren, alle ho har lært opp gjennom åra og måten ho har vore på, seier Tarjei Wingsternes til Vikebladet Vestposten.

– Mitt største ønskje var å gje stafettpinnen vidare til nokon yngre, nokon med godt driv. At det var veslebror som tok over vart eigentleg berre ein rein bonus, seier Linn Wingsternes.