Opna peparkakelandsbyen på Hadartun:

– Det er kjekt å byggje peparkakehus

Barneskulane i Hareid leverte også i år mange flotte kreasjonar til peparkakelandsbyen på Hadartun. Til dømes kan ein blant byggverka finne Rasofielgarden og fleire av bygningane i Brandal.

Femteklassingar: Frå venstre ser ein Alexander Maximilian Bigset, Christoffer Korshaug, Sivert Selbervik Flatås og Olav Andreas Larsen. Kvartetten, som går i femte klasse ved Bigset skule, likte godt å byggje peparkakehus, og håper dei får gjere det igjen neste år. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Kjøkensjefen ved Hadartun, Ann Cecilie Garnes Utgård, rosar skuleelevane for dei mange flotte peparkakehusa dei har levert. Ho meiner peparkakelandsbyen står fram som eit godt samarbeid mellom barneskulane i Hareid kommune.

– Dette har verkeleg blitt ein tradisjon vi kan halde fram med, sa Garnes Utgård til dei frammøtte på Hadartun.