Bebuarane sløkte bustadbrann

Nyhende

Politiet melder søndag kveld at naudetatane rykkjer ut til Hjørungavåg. Ifølgje politiet har dei fått melding om brann frå ein bustad. Alle i huset skal ha kome seg ut, skriv politiet på twitter.

I ei oppdatering fortel politiet at bebuarane sjølve fekk kontroll over brannen og at den var sløkt då naudetatane kom til staden.

Ifølgje politiet var det berre mindre skadar på bustaden, men der var ikkje buande i natt. Bebuarane har difor fått overnatte hjå naboar. Politiet etterforskar saka vidare.